Anne vart fødd rundt 1662, og gifta seg første gong på 1680-talet med Knut Siursen Nogva. Dei fekk sonen Ole Knudsen ilag, som vi ser att i manntalet for 1701 som 16-åring. Knut døydde i 1698 som 39-åring. Anne gifta seg opp att på Fjørtofta 2. februar 1699 (kyndelsmesse) med Rasmus Erikson Røsok. Anne døydde i 1737, slik skiftet viser.
Anne Andersdotter Nogva
(1662 - 1737)