Rasmus Ingebrigtsson på Myklebust, kalla Stor-Rasmus (fødd ca. 1595 på Li i Ørskog, død ca. 1666), var ein «bondeopprørar» i Møre og Romsdal. Han var leiglending på garden Myklebust på Harøya (i noverande Ålesund kommune). Truleg kom han frå garden Lid i Ørskog.
Rasmus heldt rekneskap med futar som tok for mykje skatt og klaga dei inn for Kongen. Etter fleire runder i retten, kor søksmåla gjekk både vegar, blei han 24. august 1661 dømd til livsvarig straffarbeid på Akershus slott for ulovlege allmugemøte, grunnlause klagemål og forakt for retten.
Sonen hans, «Unge-Rasmus», som hadde hjelpt faren i rettsprosessen, fekk etter søknad lov til å halda på garden Myklebust. Fleire av dei mange tusen etterkomarane hans er omtalte i Slekter fra Romsdalskysten (1979) av Anna S. Julnes.
Kjelde: Wikipedia
-
Place of Birth
Lid, Ørskog (?)
-
Place of Death
Akershus Tukthus, Oslo